Listeforslag til bispedømerådsvalet 2023

Tre nomineringsgrupper og nominasjonskomiteen for leke kandidatar til bispedømerådsvalet har levert kvar sine listeforslag til valrådet i Bjørgvin. Det same har Nominasjonskomiteane for lek tilsette og prestar.

Det blir fire lister å velja mellom ved val av leke medlemer til bispedømerådet i Bjørgvin

Følgjande grupper har innan fristen 31. mars levert listeforslag til valrådet over leke kandidatar til bispedømerådsvalet (i alfbetisk orden):

  • Bønnelista
  • Frimodig kyrkje
  • Nominasjonskomiteens liste
  • Open folkekyrkje

I tillegg har nominasjonskomiteen for lek tilsette og prestar levert kvar sine lister. 

Sjå lenker til presentasjonar av listene nedst på denne sida.

Valrådet i Bjørgvin skal godkjenna listene innan 30. april.

I Bjørgvin bispedømeråd er det 10 medlemer. Sju av medlemene er leke - valde av og blant medlemer i Den norske kyrkja. Det er ein prest, vald av prestane i bispedømet, og ein lek kyrkjeleg tilsett, vald av dei lek kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområda. Dessutan er biskopen fast medlem av rådet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"